Regjeringen om Posten
Fra regjeringens pressemelding om Posten:
Postloven har som hovudregel at det skal vere konkurranse om statens kjøp av ulønsame posttenester. I ein overgangsperiode vil Samferdselsdepartementet tildele Posten ein kontrakt på to år, med moglegheit for å forlenge for to enkeltår.
Overgangsordninga, som skal gjelde frå 1. juli 2027, betyr at:
brev som hovudregel blir levert til postkassa ein dag i veka
avsendarar som treng å levere brev oftare, til døme bankar og helsetenester, kan kjøpe det til høgare porto, for å få fram informasjon som hastar til eldre og ikkje-digitale innbyggarar
mottakarar som vil ha enda hyppigare levering, kan velje å hente brev på hentepunkt fem dagar i veka
Denne overgangsordninga inneber at Posten frå 1. juli 2027 vil prise brev meir som folk kjenner det frå pakkemarknaden, og tilpasse levering av brev etter det faktiske behov. I tillegg til å ivareta dei som treng det oftare.
Det er anslått at dette opplegget gir ei innsparing i 2027-budsjettet på 491,3 millionar kroner.
– Posten skal gjennom ei omstilling, og selskapet har vist fleire gonger at dei er gode på slike prosessar. Posten har i over 20 år tilpassa drifta som ein konsekvens av at vi sender færre brev. Endringane vi gjer i fellesskapets pengebruk er i tråd med Postutvalets tilrådingar, som har vore kjent sidan desember 2024. Samstundes er det viktig med god oppfølging av dei tilsette i ein slik omstillingsprosess. Eg er oppteken av at Posten finn gode løysingar for sine tilsette, og eg forventar at dei aktivt involverer dei tilsette i arbeidet vidare, seier samferdselsminister Kamzy Gunaratnam.
Regjeringa vidarefører i tillegg kjøp av avisdistribusjon på tre faste kvardagar i geografiske område utan kommersielle avisbodnett, og gratis framsending av punktskrift til blinde og svaksynte