Nana Rise-Lynum fekk årets Målpris

Nana Rise-Lynum fekk årets Målpris

Nana Rise-Lynum fekk Målprisen 2024 av Noregs Mållag på landsmøtet deira laurdag kveld. Mållagsleiar Peder Lofnes Hauge overrekte prisen. (Foto: Kristianne Marøy / Noregs Mållag / Handout / NTB).

Del: 

Rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad, og ho fekk prisen for sitt arbeid med bladet. Prisen vart overrekt under Noregs Mållags landsmøte i Trondheim.

– Takk for at du har gjort Norsk Barneblad til eit levande og aktuelt magasin som aukar den nynorske leselysta blant born og unge. Norsk Barneblad er betre enn nokon gong på grunn av deg, sa Mållagets leiar Peder Lofnes Hauge då prisen vart delt ut laurdag kveld i Trondheim.

Nana Rise-Lynum er og styreleiar i Norsk Tidsskriftforening.

Fagpressekatalogen

fagpressekatalogen.no

Her er oversikt over alle medlemmene i Fagpressen.
Med informasjon om mediet, kontaktpersoner, opplag, utgivelser, priser, osv.

Høstkampanje 2023


Her finner du den siste kampanjen til Fagpressen. Hent annonsene her!
Les også: