Gode evalueringer til Khrono

Gode evalueringer til Khrono

Nettmagasinet Khrono gjer suksess (skjermdump av fronten 15. juli 2016).

Del: 

Rektor ved Høgskulen i Volda, journalistikkprofessor Johan Roppen, kallar nettavisa Khrono ei nyskaping og ein viktig suksess.

– Dette er ein viktig suksess – fordi vi for første gong har fått eit felles fokus for spørsmål som gjeld alle – eller dei fleste – institusjonar i UH-sektoren, skriv Roppen på rektor-bloggen sin. Han held fram:
– Tidlegare har nok nettavisene hatt nok med sin eigen institusjon. Eg trur dette er ei viktig nisje å fylle i nyhendelandskapet. Også fordi vanlege nyhendemedia er stort sett svært svake på å skrive om forsking, høgskular, universitet og studentliv. ... Khrono er ikkje aleine om å publisere nyhende om vår sektor – men dei er nok stort sett mest oppdatert etter mi vurdering. Khrono har også vorte eit slags nav i samarbeid mellom ulike UH-media, og det er nok både viktig og nødvendig. Samtidig som det også her er like viktig og nødvendig med konkurranse, konstaterer Roppen.

I 2014 gjorde Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda ei evaluering av Khrono – i hovudsak med dei same resultata. Evalueringa er gitt ut i skriftserien til Høgskulen i Volda: Høgskulen i Voldas rapport nr. 60: Khrono i krysspress. Av Paul Bjerke og Lars Julius Halvorsen, Volda, 2014

Khrono-redaktør Tove Lie tek til seg godorda. Ho publiserte sjølv ein takk til lesarane då ho omtalte ei fersk lesarrundspyrjing i fyrste veka i juli.

Fagpressekatalogen

fagpressekatalogen.no

Her er oversikt over alle medlemmene i Fagpressen.
Med informasjon om mediet, kontaktpersoner, opplag, utgivelser, priser, osv.

Høstkampanje 2023


Her finner du den siste kampanjen til Fagpressen. Hent annonsene her!
Les også: